Innleiing: Romanen er skreiv av Anja Breien. Spørsmålet mitt er «Kvifor godtar ikkje faren forholdet mellom Kaniaw og kjærasten hennar?». Eg har valt dette spørsmålet fordi eg synast at eit forhold mellom to kulturar er ikkje farleg. I boka kom eg til der Kaniaw drog til Kurdistan for å seie til hennar forlovande at ho vil ikkje gifte seg med han.
Hovuddelen: Spørsmålet som eg skreiv frå innleiinga er ein kultur konflikt som er i mellom norsk og kurdisk. Så langt, handlar boka om Kaniaw og kjærasten hennar som prøver å få tillating om forholdet av faren sin. Eg synast ikkje at menneske med ulike kulturar ikkje kan leve saman. Sjølv om familien hennar har ein tradisjon om at etterkommarane skal gifte seg med ein i same slekt, synest eg at dette er feil. Det valet Kaniaw gjorde var bra, fordi ho følgde hjartet hennar og når ein gjer det har ein ikkje noko å angre på. Faren hennar vil at ho skal gifte seg med ein kurdar i Kurdistan, mens Kaniaw vil gifte seg med Dag som er hennar elskande. Saka er at faren setter slekta si som ein kurdar som førsteprioritet og tenkjer ikkje på dottera si. På grunn av dette hadde Kaniaw og faren ein stor konflikt i mellom seg, og difor slo dei opp.
Avslutning: Eg synast at det ho gjorde var veldig bra. Når eg ser på situasjonen, så er faren meir oppteke av kulturen sin enn dottera. Dersom faren hennar ikkje tenker på henne, så er det betre for henne å ta sine eigne val og dra frå familien. Det er akkurat det ho gjorde, men ho vil enno at faren hennar skal akseptere hennar forholdet med ein norsk gut. Derfor prøver ho veldig hardt for å få faren hennar til å akseptere Dag (guten).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar